Quantcast
Channel: Aurland – Sogn Jord- og Hagebruksskule
Viewing all articles
Browse latest Browse all 9

Seminar i april: Fred og solidaritet i ei verd i endring

$
0
0

j

Frå 29.april – 1.mai 2016 arrangerar Sogn Jord – Og Hagebruksskule fredsseminar i Aurland. Møt Fredrik Græsvik og andre kjente aktørar i paneldebatt om fredsbygging. Musikkinnslag med spelemannsprisvinner Marthe Valle.

Me opnar seminaret fredag kveld. Då vert det samling i skulens grindbygg. Jennifer Monterroso frå Guatemala står for appell. Ho er inspirert av Mayakulturen, noko me vil sjå att i pyntinga av området. Etter appell vil me få musikkinnslag frå kulturskulen i Aurland, og kveding av danske Sofia (tidligare elev ved Sogn Jord- Og Hagebruksskule).

Seinare på kvelden vil det bli heldt konsert i Aurland kyrkje med Berit Oppheim. Når dagen er omme, er alle velkomne til Mariannes kafé for smaksfull kveldsmat, og musikkinnslag ved Daniel Næsheim.
Laurdagen opnast over grautbollen ved grindbygget. På Trudvang kino vil det etter kvart verte syrisk song. Så kjem paneldebattane som me gler oss til. Dette skjer klokka 12.

Kl. 12.00 Innlegg og paneldebatt i Trudvang: Korleis skape fred og solidaritet i ei verd i endring? (Korleis kan vi i eit lite lokalsamfunn bidra til fred og solidaritet?) Deltakarar: Fredrik Græsvik, Hanne Heszlein Lossius, Hiam Al-Chirout, Aksel Hugo og Anne Magrete Hatlelid

Kulturelt innslag ved Diljin Ali (song) og Egon Askvik (piano)

(Les meir om gjestene nedst i teksten)

SJH Fredsseminar 1.9-UNESCO-logo 22

Det vert ulike workshops på SJH med tema kunst, hagearbeid, kommunikasjon utan språk og dans/musikk. Servering av økologisk grønsakssuppe midt på dagen. På ettermiddag/kveld vert det utstilling i Folkegalleriet i sentrum. Festmiddagen vil vere samansett av rettar frå Midtausten. Under middagen kan me by på kulturelle innslag.

Workhops:

   Dans: Enkel og uhøytidelig danseinnføring med folkedansaren i bygda, Gøril Lie. Det vert blant anna enkel springar og noko reinlendar. Mest morro, men også læring.

  Kunst – toving i ull med Husflidlaget i Flåm: Kan me utrykke helgas tema -Fred og solidaritet – i eit ullbilete. Store og små er velkomne.

Kommunikasjon med Gunn:  Kommunisere utan ord  (sjå omtale nederst i teksten)

  Fredshage med gartnar Monica: Tur i Fredshagen. Motivasjon til dyrking av urter og grønsaker med Sondre og Monica. Vi planter urter i Fredshagen etter vi har klargjort bedene til dette. Hva innebærer det å ha sin egen hage og høste av? Seanse rundt bålet hvor elementene; jord, ild, vann og luft blir visualisert og fokusert på.

Oppmøte: Klasserommene på SJH

Oppmøte Fredshage-workshop: Gartneriet

 

Søndagen avsluttast med vandring i naturen og ei forteljarstund.
Set av helga 29.april – 1.mai og få eit innblikk i ei ny verdssituasjon og fredsarbeid me alle er ein del av. Paneldebattane vil hjelpe oss å forstå flyktningsituasjonen. Song, musikk, god mat og trivelege folk. Dagane er duka for å bli vårens startsskot!

Det blir sal av varer frå Palestina i Trudvang og i AIS ved vennskapsforeninga Jeriko-Lærdal.

Litt om paneldebattantane:

Her møter me den profilerte krigsreporteren Fredrik Græsvik. Græsvik er forfattar og tidlegare utanrikssjef i TV2. Han har dekka fleire titals væpna konfliktar i Asia, Europa og Afrika. Græsvik var ein av dei tre norske journalistane i Baghdad då USA gjekk til åtak på Irak i mars 2003. Han var med i utanriksminister Jonas Gahr Støre sitt følgje då delegasjonen blei angripe på Serena Hotel i Kabul i 2008. Han vil formidle sine opplevingar.

Aksel Hugo er rektor ved Sogn- Jord og Hagebruksskule. Han har i mange år vore lærar, lærarutdannar og forskar ved NMBU(Norges miljø- og biovitenskaplige universitet) med fokus på utdanning innan berekraftig utvikling. På 90-tallet var han i spissen for utvikling av økologisk landbruk ved NLH(Norges landbrukshøgskule), og samtidig prosjektleiar for ’Levande skule’ med fokus på stadbasert læring. Etter 20 års arbeid kom boka ’Utdanning for ei felles framtid’. Sidan 2005 har han arbeidd internasjonalt innan sosialt og økologisk entreprenørskap. No er han ny rektor ved SJH.

Hanne Heszlein-Lossius er journalisten og legen som oppretta Facebookgruppa «Har du plass til ein ekstra i heimen din». Ho vil fortelje om menneske på flukt som ho har møtt på reisene sine i Gaza, og på den greske øya Lesvos.
Anne Margrete Hatlelid blei tildelt Annette Thommessen sin heiderspris for innsatsen ved Årdal asylmottak. Ho har arbeida mykje med å skape betre forståing mellom asylsøkjarar og lokalbefolkninga i Årdal.

Hiam Al-Chirout blei kåra til årets innvandrarkvinne i 2009. Gjennom prosjektet «Innvandrarkvinner kan» har ho motivert kvinner til å bli meir aktive i det norske samfunnet og byggje bro mellom etniske norske og innvandrar.

SJH Fredsseminar 1.9-UNESCO-logo 2

Praktisk info:

Prisar for laurdag og sundag:
400 kr for vaksne
300 kr for studentar
200 kr for barn

Frist for påmelding: 22.april
Påmelding til mailadresse: marianne.skudal@sfj.no

Betal ved påmelding til kontonummer: 3745 30 81 096
Hugs å merke betalinga med namn

Spørsmål? Kontakt Marianne Skudal på nr. 41 76 36 57

Vel møtt!

 

Program:

FREDSSEMINAR VED SOGN JORD OG HAGEBRUKSSKULE 29. APRIL – 1. MAI 2016

Fredag 29. april
Kl. 18.00 Opning ved Grindbygget på SJH. Fredsappell ved Jennifer frå Guatemala, inspirert av Mayaindianarkulturen. Musikkinnslag av elevar frå kulturskulen i Aurland og folketonar av danske Sofia som er tidlegare elev ved jordbruksskulen
Kl. 19.30 Konsert i Aurland kyrkje med Berit Opheim
Kl. 20.45 Kveldsmat med levande musikk på Mariannes kafé

Laurdag 30. april
Kl. 10.00 Grautfrukost ved Grindbygget
Kl. 12.00 Innlegg og paneldebatt i Trudvang: Korleis skape fred og solidaritet i ei verd i endring? (Korleis kan vi i eit lite lokalsamfunn bidra til fred og solidaritet?) Deltakarar: Fredrik Græsvik, Hanne Heszlein Lossius, Hiam Al-Chirout, Aksel Hugo og Anne Magrete Hatlelid
Kl. 15.00 Lunsj – Økologisk grønsakssuppe i Trudvang
Kl. 16.00 Ulike workshops på SJH i kunst, hagearbeid, kommunikasjon og dans/musikk
Utstilling i Folkegalleriet Fredsbilete laga av barn ved flyktningemottaket i Årdal og av barn frå Aurland kulturskule. Fotoutstillinga «Children in the sun» av Marianne Skudal
Kl. 19.30 Festmiddag med rettar frå Midtøsten. Kulturelle innslag under middagen

Sundag 1. mai
Kl. 11.00 Vandring i landskapet. Fredstankar og forteljing. Oppmøte ved Grindbygget.

 

 

Verkstedet til Gunn Wester lørdag ettermiddag:

Verksted i kommunikasjon med Gunn Wester

Då eg var skuleelev lærte eg at når folk kommuniserer bruker dei sine 5 sanser til å innhente informasjon som sidan vert tolka av hjernen. Kroppen kontrollerast av senteret, hjernen; som former svaret som så vert uttrykt av munnen, verbalt.

I vitskapelege oversikter er for eksempel ca 30 % av bodskapet sett som verbalt.
Dei ulike sektorane og prosessane bak danninga av eit verbalt uttrykk kan delast inn i bokser. Avskilde ryddige boksar som ser bra ut på plansjer.

Det som fell utanfor verbal kommunikasjonboksen puttast i ein stor litt ullen sekk som kallast «kroppsspråk»
Det verbale språket har eigne undervisningsfag. Mange undervisningsfag.

Ikkje at to timar kan rette opp i dette mistilhøvet, men eg skal forsøke å gi ei utgreiing over  veldig mange års spekulasjonar over temaet i første delen av workshoppen. I andre del vert det praktiske øvingar i kommunikasjon.
Ein del av øvingane er testa på born. Dei er hovudsakeleg eit resultat av eit venskap eg har hatt med ein særs intelligent hest og er noko eg kjenner eg skuldar å dele vidare. Det er øvingar som kan gi eit intrykk av ein måte å kommunisere og leike saman med andre intelligente vesner utan berøring og utan ord. Øvingar på å vere saman, på å knyte seg til ei gruppe og bevege seg saman som ein flokk.

Ei øving i mild tydeleg leiarstil, å ta plass men ikkje frå nokon, merksemd og nærvær.
Øvingane er utan hest og nesten allergifrie. Litt hår kan forekoma.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 9